I år har dykk ein unik moglegheit til å tilbringje påska i Villa Solvorn. Påska er sein i år så vi kan ikkje garantere at dei lokale skianlegga har nok snø, men Sognefjellet og Turtagrø er berre ein times køyretur unna. Der vil det vere oppkjøyrde lanngrennsløyper i påsken. Dei starter ved Huldehaugen ved 1200 moh., og går forbi Sognefjellshytta mot Bøvertun på austsida av fjellet. Det vil også bli laga ei løype frå Turtagrø mot Ringsdalen og inn i Helgedalen.

Sogn skisenter er bare 12 minutters køyretur unna, med tre skitrekk opp til 700 moh. og flotte preparerte langrennsløyper både ved skianlegget og i fjellområda rundt. www.sognskisenter.no

Sogndal Skisenter er 25 minutter unna med bil. Der er det fire skitrekk , caféar og moglegheit for flotte toppturar og frikjøyring. Det vil også vere fjelløyper til m.a. Høgehaug og Blåfjell www.sogndalskisenter.no

Er vårveret fint kan det freiste med ein tur langs fjorden til fots, på sykkel eller med kajakk :)